Hopp til hovedinnhold
Kams av torskehoder

Kams av torskehoder

Oppskrift av: Kurt Eriksson
1440 minutter
Hovedrett

Ingredienser

4 porsjoner

1 ss

salt

1 ts

karve

0.5 ts

pepper

2.5 dl

kefir

250 g

poteter

500 g

hvetemel

500 g

byggmel

Slik gjør du det:

Frå Fure på Stadtlandet. Til kams må fisken vera heilt fersk. Brosme vert rekna for å vera best, men det går også an med torsk. Ein nyttar hovuda på fisken, og dei må vera helil og med tekna (gjellene) i. Hovuda må vaskast godt og stå i vatn natta over. Levra må også stå i vatn i kjøleskapet natta over. Når ein skal vaska hovuda, bruker ein børste og skrubbar av hinna som losnar når hovuda har lege i vatn. Bruk skaftet på børsten til å oppna hovudet. Levra må også vaskast godt. Ta eit godt tak i hinna på innsida av levra og trekk ut tæger som ligg inni levra. Når levra er godt reinsa, skal ho mosast. Har ein kjøkkenmaskin, er det fint å bruka den, eller må ein ha levra i eit fat og bruka hendene. Bland kefir, krydder, mjøl og raspa poteter, og rør det inn i levermosen med visp. Av denne massen fyller ein inn i hovud med skei, og legg hovuda over i kokande salt vatn. Kok 1-1½ time. Vert det røre til overs, lagar ein små kaker som ein rullar inn i matpapir og legg dei oppå hovuda i gryta. Dei treng ikkje så lang koketid som hovuda. Det går også an å laga kams utan å bruka hovuda, om ein vil ha berre kaker.

Kanskje disse også frister?